Om stillingaVil du bidra til å utvikle morgondagens fagarbeidarar?Vi ser etter deg som er flink med folk og samtidig god til å tenke nytt og utvikle nye løysingar. Hos oss får du ei stilling som både kan vere utviklande og meiningsfull, både for deg og for samfunnet rundt oss: Du vil bidra til at ungdom og vaksne får gjennomført fagopplæring i bedrift, og til at arbeidslivet får den kompetansen dei treng, no og i framtida.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:21.09.2025Arbeidsgivar:Møre og Romsdal fylkeskommuneStad:MoldeStillingstittel:Rådgivar opplæring i bedriftStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5006761034Sosial deling :ArbeidsoppgåverFagopplæringssystemet er i endring der fullføringsreformen og store statlege satsingar på yrkesfag vil gi ei spanande utvikling framover. Vi treng deg som kan finne nye arbeidsmetodar og løysingar for å arbeide smartare og løyse samfunnsoppdraget vårt.Du vil arbeide med å vidareutvikle nettverk og samarbeid med skole og arbeidsliv, slik at du kan hjelpe oss med å bidra til at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. Ein viktig del av dette er å rettleie lærlingar, lærebedrifter og prøvenemnder, både i saksbehandling av enkeltsaker og i gjennomføring av kurs og samlingar.Oppgåvene i stillinga kan bli endra.Kvalifikasjonar
relevant høgare utdanning, helst master
relevant erfaring, helst frå vidaregåande opplæring og/eller frå næringslivet i Møre og Romsdal
gjerne erfaring frå prosessarbeid eller prosjektutvikling
god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
er god på å kommunisere og skape relasjonar
kan samarbeide for å oppnå resultat
kan ta i bruk nye metodar og drive prosessar framover
tek initiativ og arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta
er komfortabel med å representere eksternt og halde presentasjonar/foredrag
Vi tilbyrVi kan tilby deg meiningsfullt arbeid, der du får bidra til at fleire ungdommar og vaksne får fullført utdanning på ein god måte. Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling.Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale.Kontorstad er i Molde.Adresse: Julsundvegen 9, 6412 Molde, NorgeKontaktinformasjonHilde AspåsnæringssjefE-post: hilde.aspaas@mrfylke.noMålfrid Nesjerådgivar opplæring i bedriftE-post: malfrid.nesje@mrfylke.noOm arbeidsgivarenBli med å utvikle regionen saman med oss!Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.Lenke til --