Om stillingaVil du leie arbeidet med å utvikle morgondagens fagarbeidarar?Vi ser etter ein tydeleg leiar som er samlande og utviklingsorientert. Hos oss får du ei meiningsfull stilling der du bidreg til at ungdom og vaksne fullfører fagopplæring - og at arbeidslivet får den kompetansen dei treng, no og i framtida.Som seksjonsleiar får du fag-, økonomi- og personalansvar for seksjonen Opplæring i bedrift, og du blir ein del av leiargruppa til kompetanse- og næringsdirektøren. Seksjonen har det overordna ansvaret for fagopplæringa i fylket, og følger opp lærlingar, lærebedrifter, samarbeidsorgan og prøvenemnder i fylket. Du vil også vere ein pådrivar for utvikling, samarbeid og samskaping på tvers av fagområde.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:21.09.2025Arbeidsgivar:Møre og Romsdal fylkeskommuneStad:MoldeStillingstittel:Seksjonsleiar Opplæring i bedriftStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5008226537Sosial deling :Arbeidsoppgåver
leie og utvikle seksjonen
ha dialog med lokalt og regionalt arbeidsliv
følgje opp fylkeskommunens ansvar for opplæring i bedrift
bidra i strategi- og utviklingsarbeid
saksførebuing til politiske utval
plan- og rapporteringsarbeid, inklusiv økonomioppfølging
Kvalifikasjonar
leiarerfaring og relevant høgare utdanning, fortrinnsvis master og gjerne yrkesfagleg utdanning
god kjennskap til utdanningssektoren og lokalt og regionalt næringsliv
evne til god munnleg og skriftleg saksframstilling på norsk
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
er utviklingsorientert, tydeleg og samlande
er god til å kommunisere, er initiativrik og har godt humør
har evne til å skape tillit
arbeider systematisk, målretta og sjølvstendig
har evne til å samarbeide internt og eksternt
Vi tilbyr
ei utfordrande leiarstilling i eit profesjonelt og sterkt fagmiljø
god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
løn etter avtale
Stillinga har arbeidsstad i Molde, med kontorplass på Fylkeshuset.Fagområdet er representert i arbeidslokaler både i Ålesund, Kristiansund og Molde. Reiseverksemd må påreknast.Adresse: Julsundvegen 9, 6412 Molde, NorgeKontaktinformasjonHilde AspåsnæringssjefE-post: hilde.aspaas@mrfylke.noErik Brekkenkompetanse- og næringsdirektørOm arbeidsgivarenBli med å utvikle regionen saman med oss!Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.Lenke til --