Seksjonsleiar opplæring i bedrift

  • Molde, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Vil du leie arbeidet med å utvikle morgondagens fagarbeidarar?Vi ser etter ein tydeleg leiar som er samlande og utviklingsorientert. Hos oss får du ei meiningsfull stilling der du bidreg til at ungdom og vaksne fullfører fagopplæring - og at arbeidslivet får den kompetansen dei treng, no og i framtida.Som seksjonsleiar får du fag-, økonomi- og personalansvar for seksjonen Opplæring i bedrift, og du blir ein del av leiargruppa til kompetanse- og næringsdirektøren. Seksjonen har det overordna ansvaret for fagopplæringa i fylket, og følger opp lærlingar, lærebedrifter, samarbeidsorgan og prøvenemnder i fylket. Du vil også vere ein pådrivar for utvikling, samarbeid og samskaping på tvers av fagområde.Arbeidsoppgåver
  • leie og utvikle seksjonen
  • ha dialog med lokalt og regionalt arbeidsliv
  • følgje opp fylkeskommunens ansvar for opplæring i bedrift
  • bidra i strategi- og utviklingsarbeid
  • saksførebuing til politiske utval
  • plan- og rapporteringsarbeid, inklusiv økonomioppfølging
Kvalifikasjonar
  • leiarerfaring og relevant høgare utdanning, fortrinnsvis master og gjerne yrkesfagleg utdanning
  • god kjennskap til utdanningssektoren og lokalt og regionalt næringsliv
  • evne til god munnleg og skriftleg saksframstilling på norsk
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
  • er utviklingsorientert, tydeleg og samlande
  • er god til å kommunisere, er initiativrik og har godt humør
  • har evne til å skape tillit
  • arbeider systematisk, målretta og sjølvstendig
  • har evne til å samarbeide internt og eksternt
Vi tilbyr
  • ei utfordrande leiarstilling i eit profesjonelt og sterkt fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale
Stillinga har arbeidsstad i Molde, med kontorplass på Fylkeshuset.Fagområdet er representert i arbeidslokaler både i Ålesund, Kristiansund og Molde. Reiseverksemd må påreknast.Kontaktinformasjon Hilde Aspås, næringssjef, +47 97715135,
Erik Brekken, kompetanse- og næringsdirektør, +47 48131291Arbeidsstad Julsundvegen 9
6412 MoldeNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5008226537
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025Kontaktpersoner for stillingenErik Brekkenkompetanse- og næringsdirektør+47 48131291Kopier telefonnummerHilde Aspåsnæringssjef+47 97715135Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenBli med å utvikle regionen saman med oss!Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.Lenke til --SektorOffentligNettsted

NAV

Lignende stillinger

  • Rådgivar opplæring i bedrift

    • Molde, Møre og Romsdal
    Vil du bidra til å utvikle morgondagens fagarbeidarar? Vi ser etter deg som er flink med folk og samtidig god til å tenke nytt og utvikle nye løysingar. Hos oss får du ei stillin…
    • 3 dager siden