Rektor Onarheim skule
ONARHEIM SKULE
- Vestland
- Fast
- Fulltid
- Vidareutvikle skulen sitt fagelege felleskap, og sikre at arbeidet med læringsoppdraget og eit trygt og godt læringsmiljø er systematisk og målretta.
- Vere ein synleg leiar som set klare mål og forventningar for framtidas skule, og som har evne til å gjennomføre det som blir bestemt.
- Bidra til ein aktiv innovasjons- og delingskultur gjennom brei involvering i utviklingsprosessar.
- Drive systematisk og forskningsbasert kvalitetsarbeid i samarbeid med dei tilsette.
- Leie ei tilsettgruppe som mobiliserer sin kompetanse til det beste for elevane si læring.
- Bygge skulen sitt omdømme og plass i lokalmiljøet i samarbeid med elevar, foreldre og tilsette.
- Sørge for optimal ressursutnytting i samsvar med mål og forventningar.
- Undervisning utgjer omlag 50 prosent av stillinga.
- Godkjent pedagogisk og undervisningskompetanse, samt erfaring frå undervisning.
- Relevant leiarerfaring/-kompetanse er ein føremon
- Erfaring med målretta utvikling i skulen og verksemdsstyring er ønskeleg
- Kjennskap til lov og avtaleverk
- God system- og rolleforståing
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i Tysnes er nynorsk
- God digital kompetanse
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjesamband mot nord og sør.Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.SektorOffentligNettsted