Tilkallingsvikar oppvekst

Aurland kommune

  • Aurland, Vestland
  • Midlertidlig
  • Deltid
  • 2 måneder siden
Tilkallingsvikar oppvekstHar du lyst å vere med å skape ein god og trygg kvardag for dei minste og ungdommen vår?Om stillingaMe ynskjer fleire tilkallingsvikarar i kommunalområde oppvekst.Skriv gjerne i søknaden kva avdeling, sjå under, du ynskjer å jobbe i.Aurland barnehage er ein funksjonell og moderne barnehage. Barnehagen ligg fint til nær til bibliotek, grunnskule, fleirbrukshall og fine turområde.Flåm barnehage ligg fint til på Lunden, med gode moglegheiter til å bruke naturen omkring.Flåm skule er ein fådelt 1-4 skule som ligg flott til nedst i Flåmsdalen med Flåmsbana som god nabo. Elevane kjem frå Gudvangen, Undredal og Flåm.Aurland barne- og ungdomsskule (Abu) har elevar frå 1. til 10. klassetrinn. Skulen ligg sentralt til og har god tilgang på ulike idrettsanlegg, natur og lokale samarbeidspartnarar.Aurland kulturskule er lokalisert i Aurland idretts- og samfunnshus (AIS) og ved Flåm skule. Vi tilbyr undervisning i musikkfag (for tida grunnopplæring, gitar, bass, piano, slagverk og vokal), dans og biletkunst.Aurland folkebibliotek har fine lokale i første etasje ved Aurland barne- og ungdomsskule. Biblioteket er ope 5 dagar i veka, og her må ein vere innstilt på å yte god sørvis og ha interesse av og/eller kompetanse på litteratur. Digitale ferdigheiter og gode samarbeidsevner er viktig.Aurland fritidsklubb held til i store lokale like ved AIS. Klubben er open tysdag, onsdag og fredag, og har tilbod for 5.trinn til 18 år. Her er det viktig å vere ein trygg rollemodell for ungdomane våre som tek ansvar. Fritidsklubben er eit uformelt tilbod som er på ungdomane sine premiss.ArbeidsoppgåverMe tilbyr
  • faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter tariff
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vårKvalifikasjonar
  • relevant utdanning / erfaring innan området
Personlege eigenskaparLøns- og tilsetjingsvilkårTilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.Ved tilsetjing må det leggast fram politiattest.Generell informasjon om søknadsprosessenAurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.Om ossAurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

Aurland kommune