Sjukepleiar

  • Ålesund, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 9 dager siden
Kirurgisk sengepost 1 har ledig 3 x 100 % vikariat for sjukepleiar frå 01.10.2025 til 31.12.2026. Oppstart tidlegare om mogleg, eller etter avtale.Kirurgisk sengepost 1 høyrer til under Avdeling for kirurgi ved Ålesund sjukehus. Vi er ein sengepost med fleire ulike pasientgrupper: gynekologi, urologi, kar/thorax, auge og ØNH. Sengeposten er ein spanande arbeidsplass med eit solid fagmiljø. Her er omsorgsfulle og engasjerte kollegaer som har fokus på best mogeleg pasientbehandling. Dette er ein arbeidsplass med høgt tempo og spanande utfordringar, der vi alle jobbar saman for at pasienten skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Arbeidsglede og godt samhald pregar i stor grad arbeidsmiljøet i seksjonen.Vi er kjent for å ha god opplæring av tilsette, og har avsatt faste dagar til fagleg utvikling . Du er velkomen som søkjar til ein meiningsfull kvardag!Vi ber om at vitnemål og attestar blir lasta opp og lagt ved søknaden.Arbeidsoppgåver
  • Stillingane inneber f.t arbeid i 3-delt turnus, inkludert nattevakter og med arbeid gjennomsnittleg kvar tredje helg
  • Pre og postoperativ sjukepleie til alle dei aktuelle pasientgruppene
  • Ø-hjelps funksjon for alle pasientgrupper inkludert polikliniske konsultasjonar på kveld/natt/helg
  • Observasjon og behandling av lettare traumar
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • 3.års sjukepleiestudentar kan også søke
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå somatikk i sjukehus vert lagt vekt på
Personlege eigenskapar
  • Personlege eigenskapar og fagleg engasjement vert lagt vekt på ved tilsetting
  • Du trivast i eit miljø med høg aktivitet
  • Du bidreg til å ivareta eit alt etablert godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst
Vi tilbyr
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Ein arbeidsplass med fokus på nærværsarbeid, og generelt trivselsarbeid
  • Alle ny-tilsette vert ivaretatt og får tett oppfølging den fyrste tida
  • Eit spanande og mangfoldig fagmiljø der du vil få stor fagleg og personleg utvikling
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!Kontaktinformasjon Tone Torvik Akslen, Seksjonsleiar, +47 90531460,Arbeidssted Åsehaugen 5
6017 ÅlesundNøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5002769281
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 09.09.2025Kontaktperson for stillingenTone Torvik AkslenSeksjonsleiar+47 90531460Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHelse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss påSektorOffentligNettsted

NAV

Lignende stillinger

  • Sjukepleiar/Vernepleiar

    Helse Møre og Romsdal

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Om stillinga Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består av 6 seksjonar: Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre, Allmenpsykiatri Sunnmøre, Akutt psykisk helse Sunnmøre, Spesialisert hab…
    • 2 dager siden
  • Sjukepleiar/Vernepleiar

    Helse Møre og Romsdal

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består av 6 seksjonar: Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre, Allmenpsykiatri Sunnmøre, Akutt psykisk helse Sunnmøre, Spesialisert habilitering Sunnm…
    • 2 dager siden
  • Sjukepleiar/vernepleiar

    Helse Møre og Romsdal

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vi har no ledig to 50 % faste stillingar for sjukepleiar/vernepleiar i nattevaktsteamet ved Avrusing rusbehandling TSB Ålesund. Både dei med og uten relevant vidar…
    • 3 dager siden