Skei omsorgssenter søker etter

SKEI OMSORGSSENTER

  • Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 14 dager siden
Skei omsorgssenter er ein institusjon som består av 3 avdelingar.
Rehabiliteringseining for Sunnfjord kommune, med 7 plassar for rehabilitering, og ein palliativ plass. Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass. Skjerma eining, med 7 plassar for personar med demens.
Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling.
Vi har integrert velferdsteknologiske løysingar, og vi ønsker å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt.Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg?
Vi har årsturnus, og moglegheit for langvakter med arbeid kvar 4. helg, for dei som ynskjer dette.Vi har følgande ledige stillingar:
  • 1 x 100 % fast stilling som sjukepleiar frå 01.09.2025
  • 1 x 100 % fast stilling for vernepleiar /sjukepleiar frå 01.10.2025
  • 1 x 100 % vikariat som sjukepleiar i perioden 01.09.2025 - 30.04.2026
  • 1 x 100 % vikariat for sjukepleiar i perioden 01.09.2025 - 30.04.2026
Vi har også ledige helgestillingar på 14 - 30 % frå snarast.
Du kan velje mellom å jobbe 7,5 eller 12,5 timers vakter.Sjukepleiarstudentar og søkarar med interesse for fagfeltet kan søke, men vert tilsett i mellombels stilling på 6 månader.Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
  • beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Gyldig politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer stillinga.Vi søker deg som:
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • er engasjert og kan jobbe sjølvstendig - er trygg på eigne avgjerder
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere
  • likar å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • er ny-tenkjande og kreativ
Personlege eigenskapar vert vektlagd.Vi kan tilby:
  • ekstra godtgjering for sjukepleiar, vernepleiar og helsefagstillingar
  • moglegheit for kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande miljø
  • moglegheit for alternativ turnus med langvakter
  • pasientnært og fagleg fokus
  • faglege utfordringar
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
Du søker elektronisk. Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenEiningsleiar Wenche Farsund+47 413 22 567 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.SektorOffentlig

SKEI OMSORGSSENTER

Lignende stillinger

  • ID 2356 Kokk - Knutsaåsen omsorgssenter

    KNUTSAASEN OMSORGSSENTER

    • Stord, Vestland
    På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen. Me søkjer etter ein engasjert og dyktig kokk til vår…
    • 17 dager siden
  • Sjukepleiar - 80 % fast - Tysnes omsorgssenter

    • Vestland
    Har du eit varmt hjarte for eldreomsorg og ønskjer å gjera ein forskjell i kvardagen til personar med demens? Tysnes kommune søkjer etter ein engasjert sjukepleiar i fast 80% sti…
    • 9 dager siden