Sjukepleiar - 80 % fast - Tysnes omsorgssenter

  • Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 9 dager siden
Har du eit varmt hjarte for eldreomsorg og ønskjer å gjera ein forskjell i kvardagen til personar med demens?Tysnes kommune søkjer etter ein engasjert sjukepleiar i fast 80% stilling ved Tysnes omsorgssenter. Stillinga er knytta til avdeling Fjorden/dagsenteret, men den som vert tilsett må pårekne å arbeide i alle avdelingar etter behov. Stillinga inneber arbeid på dag- og kveldstid, med arbeid i snitt kvar 3. helg.Hos oss står personsentrert omsorg i sentrum, og me arbeider målretta for å skapa ein meiningsfull og trygg kvardag for brukarane våre. Du blir ein del av eit team som har tett samarbeid med dagsenteret for å gje best mogleg omsorg til personar med demenssjukdom.Tysnes omsorgssenter ligg i nye, fine lokaler, i eit moderne bygg som stod ferdig i 2017. Me er oppteken av pasientnært arbeid, og moderne velferdsteknologi er eit av hjelpemidlane som gjev oss meir kvalitetstid med bebuarane våre.Tysnes omsorgssenter består av 30 institusjonsplassar, plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald og dagsenter for personar med demens. Me har óg ein KAD-plass der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som alternativ til innlegging på sjukehus.Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode tenester og eit heilskapleg pasientforløp. Me har ei stabil og faglig trygg gruppe tilsette med eit godt samhald.Me ber om at attestar, kursbevis og vitnemål vert lasta opp ved innsending av søknaden.Arbeidsoppgåver
  • Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar
  • Miljøarbeid og utvikla ADL-ferdigheiter
  • Lage og følgje opp pleieplanar og prosedyrar
  • Deltaking i gruppemøter, dagleg rapportering og ulike fagmøter
  • Rettleiing av personalet og tverrfagleg samarbeid
  • Pårørandesamarbeid
  • Dokumentasjon i CosDoc
KvalifikasjonskravMe ser etter deg som:
  • Har norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Har interesse for og gjerne erfaring med demensomsorg
  • Har førarkort klasse B
  • Har tverrfagleg forståing - saman yt me best tenester
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Har gode grunnleggjande datakunnskapar
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.Personlege eigenskapar
  • Du ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar.
  • Du brenn for faget, tek ansvar og arbeidar målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse.
  • Du er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
  • Du har pågangsmot, har løysingsfokus og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.Kvifor skal du jobba hos oss?Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar?Då trur me du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus. Du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Me tilbyr ein variert og lærerik arbeidskvardag der du får utfordra deg sjølv, utvikla kompetansen din og bidra til noko som betyr noko. Du vil oppleva eit trygt og støttande arbeidsmiljø der trivsel og samarbeid står i sentrum.Hos oss får du rammer som sikrar deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus.
Turnusen er to-delt, med arbeid i snitt kvar 3.helg.Hos oss vil du få høve til fagleg utvikling og kursing innan demensomsorg. Tysnes kommune legg vekt på å skapa helsefremjande arbeidsplassar, og som tilsett hos oss blir du ein viktig del av satsinga vår på kvalitet og tryggleik i eldreomsorga.Medlemskap i KLP føl med tilsetjing. Det betyr at du får blant ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar.Du blir tilsett i sjukepleiar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.MangfaldserklæringTysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.Kontaktpersoner for stillingenLinda Nordtveit FagerbakkAvdelingsleiar 1. høgda avd. Fjorden og dagsenter+47 417 07 987Kopier telefonnummerKopier e-postadresseHelga Nilsen BolandEiningsleiar Tysnes omsorgssenter+47 915 76 846Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenDraumen om livet på landet finn du på Tysnes!Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjera Tysnes til ein god stad å bu.SektorOffentligNettsted

NAV

Lignende stillinger

  • Skei omsorgssenter søker etter

    SKEI OMSORGSSENTER

    • Vestland
    Skei omsorgssenter er ein institusjon som består av 3 avdelingar. Rehabiliteringseining for Sunnfjord kommune, med 7 plassar for rehabilitering, og ein palliativ plass. Langtidsav…
    • 14 dager siden
  • ID 2356 Kokk - Knutsaåsen omsorgssenter

    KNUTSAASEN OMSORGSSENTER

    • Stord, Vestland
    På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen. Me søkjer etter ein engasjert og dyktig kokk til vår…
    • 17 dager siden