Helsefagarbeidar , vikariat

Stranda kommune

  • Hellesylt, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 5 dager siden
Om stillingaVi har ledig vikariat i 80 % stilling som helsefagarbeidar frå 01.10.2025Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.Kvifor velge oss:
  • Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
  • Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
  • God variasjon i oppgåver og utfordringar
  • Fokus på trivsel og arbeidsglede
  • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
  • Muligheit for vidareutdanning med støtte
  • God fastløn
  • Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige med inntil kr.10 000/mnd for ein tidsavgrensa periode
  • Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
NøkkelinformasjonSøknadsfrist:14.09.2025Arbeidsgivar:Stranda kommuneStad:HellesyltStillingstittel:Helsefagarbeidar - Sunnylven distriktStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:80Webcruiter-ID:4973146951Startdato:01.10.2025Sluttdato:14.12.2025Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
  • Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
  • Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp
  • Medikamenthandtering
  • Dokumentasjon
  • Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande
  • Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving
Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Utdanning som helsefagarbeidar
  • Alminnelege datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl B
  • Personleg eignaheit vektleggast
Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.Personlege eigenskapar
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Trygg og Omsorgsfull
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Samarbeidar godt med kollegaer, brukarar og pårørande
  • Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
  • Likar utfordringar
  • Ønske om kompetanseutvikling
  • Interesse for faget
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.Adresse: Hellesyltvegen 27, 6218 Hellesylt, NorgeKontaktinformasjonElisabeth JelleEiningsleiarOm arbeidsgivarenStranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur.

Stranda kommune

Lignende stillinger

  • Helsefagarbeidar , vikariat

    Stranda kommune

    • Hellesylt, Møre og Romsdal
    Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande. Kvifor velge oss…
    • 6 dager siden
  • Vikariat Brannmeister - 100% stilling

    Stranda kommune

    • Stranda, Møre og Romsdal
    Vikariat Brannmeister - 100% stilling Næring - kommunalteknikk, Stranda kommune Om stillinga Stranda kommune og Fjord kommune har etablert eit samarbeid innan brann og redning,…
    • 5 dager siden
  • Vikariat Brannmeister - 100% stilling

    Stranda kommune

    • Stranda, Møre og Romsdal
    Om stillinga Stranda kommune og Fjord kommune har etablert eit samarbeid innan brann og redning, og har bygd opp ein organisasjon for leiing av brann- og redningsvesenet, og utfø…
    • 5 dager siden