Sjukepleiar/Vernepleiar
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Fast
- Deltid
Akutt psykisk helse Sunnmøre har ledig ei fast 60 % stilling for sjukepleiar/vernepleiar. For tida er stillinga i to-delt turnus (dag/ kveld) og arbeid kvar tredje helg.
Oppstart snarast/kan avtalast.Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld 5 seksjonar: Sikkerhetspsykiatri, Almennpsykiatrisk , Akutt psykisk helse, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderpsykiatri Sunnmøre.
Akutt psykisk helse Sunnmøre har 10 sengeplassar og 4 intensivplasser/skjermingsrom. Seksjonen tek imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Seksjonen tilbyr óg utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar som treng døgnopphald. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Vi jobbar tverrfagleg i team som består av psykiater, psykolog, LIS 1 og LIS 3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Obligatorisk kursing og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
- Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
- Delta aktivt i seksjonen si utvikling
- Rettleiing (studentar og samarbeidspartar m.m)
- Medisinansvar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Ønskeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller anna form for vidareutdanning
- Erfaring frå akuttpsykiatri er ein fordel
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Du er god på samarbeid og kommunikasjon
- Du er god på å skape allianse med pasientane
- Du arbeidar sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
- Du må vere fysisk og mentalt rusta til å handtere utagerande pasientar
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
6017 ÅlesundNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4998101861
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 12.09.2025Kontaktperson for stillingenAndreas TrædalSeksjonsleiarKopier e-postadresseOm bedriftenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjåSektorOffentligNettsted